


Me har fått prøvd oss som Stunt-Menn denne veka! Det har vore artigt! To profesjonelle Stunt-Menn frå Hollywood har vore og undervist oss i korleis me kan slå, sparka, spretta, falla, krasja, og masse meir uten å skada oss! Randall kom nettopp frå filmsettet på Pirates Of The Caribbean 3! I morgon skal me prøva å bli sett fyr på og :)
Tiden går fort mot ein slutt her nede og.. Det har gått veldig unna desse månadane, og vips so skal eg heim til jul.. Det er ein god gjeng som har vore her, og me er blitt godt sammensveisa. Me ha jobba tett oppi kvarandre, og vore gjennom litt av kvart... men da bli no koseleg å komma heim og!
Eg har lært masse, og vil prøva å fordøya litt no. Da e utfordrande å holda fokus som skodspelar tykkjer eg, og å heile tida tru på den karakteren du er! Viss du ikkje trur det sjøl, so fangar kameraet det opp! Det nyttar ikkje å lure kameraet :) Det handla om å leve det som du vil ha på utsida, på innsida fyrst!
Ein anna ting som har blitt meir tydeleg for meg er det med det å fortelje ein historie. Det er jo det me gjere med film, og det er ein ting som aldri går av moten. Folk har alltid likt da, og kjem nok te å forsetja med da og. Da e ein kjempemåte å kommunisera på trur eg!
På laurdag er det duka for den store premieren. Da skal me vise fram alle filmane som er blitt laga her nede denne perioden! Me invitera breidt ut, og skal lage det ganske fancy, med raud løpar og greier og greier! Da bli moro! Litt skummelt og men..